Det var viktig å utvikle noko som var typisk norsk etter at Norge ikkje lenger var i union med Danmark. Norge skulle ha eit namn, ei grunnlov, ha ein sjølvstendig kultur, eit nasjonalt sjølvbilete og markere seg for Sverige og Danmark. Alle skulle føle seg som ein familie- den norske.
Det var stor patrioisme i Norge og det ble laget patriotiske viser som f.eks ''kjæmpers fødeland''. I tida Norge var i union med Danmark var den norske bonden spesiell i Europa. Han var fri og var eigar av si eiga jord.
17.mai 1814 blei grunnlova underteikna på Eidsvoll og det norske fjellet ble tatt frem som et nasjonalt symbol. Grunnlova fekk ein spesiell verdi og det viktigaste samlingsmerket fra perioden er nasjonaldagen vår, 17.mai. Først var dagen ei kampmarkering mot svenskekongen, seinare blei det ein festdag der folk feira norske symbol og handlingar.
Frå 1830 åra spelte forfattarane ei større rolle i nasjonalbygginga. Dei skreiv om det norske i dikting og deltok sjølv aktivt i politikken og samfunnsdebatten. Ein av den fremste nasjonale superheltane gjennom tidene er Henrik Wergeland. Han deltok på alle areaner, både gateslagsmål, romantisk dikting og vitskaplege skrifter. Han blir hugsa som han som starta 17.mai feiringa. Wergeland var ivrig etter å fornorske alle sider ved kulturlivet.
I 1840 årene fekk vi eit meir nasjonalromantisk syn på folket. Norge hadde ikkje så stor interesse for å kartleggje det norske og bygge ein nasjonalkultur. Ein såg på nasjonen som eit menneske med karaktertrekk og psykologiske særtrekk som var forma etter naturforhold, historie og geografiske faktorar i landet. Bonden var eit godt eksempel på eit slikt menneske. Bonden vart ein viktig figur når norsk kultur skulle samlast inn og bli ein del av diktinga og kunsten. Eventyr, segner, folkeviser og stev spelte ei stor rolle for den norske samfunnet.
Etter kvart blei det nasjonale og sjølvtilfredse kritisert. Henrik Ibsen fikk fram at det norske var viktig, men at alt ikkje var like roseraudt som i nasjonalromantikken. Det nasjonale gjennombrotet i litteraturen og kunsten har mange nyansar. Det oppstod mange konfliktar, spesielt i synet på språket.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar